Ole Dalen.
Ole Dalen.

«Vi klarer ikkje å fylle skoa etter han – vi må heller lære oss å gå litt annleis.»

Vår gode og kjære kollega Ole Dalen er død. I mars i år fekk han beskjed om at han var kreftsjuk. Ole var gjennom ein kraftig cellegiftkur, men det var ikkje råd å stanse sjukdomen. Likevel var Ole full av håp heilt til det siste – han gav aldri opp livet. Fyrst sette han sin lit til medisinsk hjelp, men då det ikkje endra sjukdomsbildet var det Gud han sette sin lit til. Ole var sterk i trua, og veik aldri frå ho.

Han var frå Vegårshei, men kom til Vest-Telemark og Øyfjell som «kjærleiksflykting» som han sjølv kalla det. I Øyfjell hadde han møtt den fine jenta som skulle bli kona hans – Ruth. Men han utvikla også ein kjærleik til heile regionen og alle kommunane i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ole blei tilsett som utviklingsleiar i Vest-Telemarkrådet i 2012. Kjell Gunnar Heggenes var regionrådsleiar på den tida, og dei utvikla eit nært og sterkt arbeidsforhold som også gjorde at dei var for bestevener og «familie» å rekne.

Ole var ein brubyggar av rang og hadde eit stort nettverk.

Han var veldig godt lika av kollegaer og venner på arbeid og i kommunane, i fylkeskommunen og hos fylkesmannen. Han var særdeles oppteken av at ein skulle spela kvarandre god. Han var og genuint oppteken av medmenneska og alle rundt seg, og ynskte alle så inderleg godt.

Han hadde visjonar og store positive tankar om å gjere Vest-Telemark til ein kraftfull region. Han ynskte at Vest-Telemark skulle lene seg framover for å vere i teten når det kom til utvikling.

Ole var ei sterk røyst for Vest-Telemark - ei røyst som blei lytta til, og han hadde som mål å gjere Vest-Telemark til ein endå betre stad å bu. Var det noko Ole ivra for så var han umåteleg god til å skape begeistring og entusiasme rundt det. Han var særs målretta i arbeidet sitt, og han var fagleg sterk. Ole var også ein pådrivar for næringslivet i regionen.

I blant kunne han rett nok bli frustrert dersom ikkje alt fungerte slik han hadde håpa på og sett føre seg. Men då så han andre vegar å gå, alltid evig optimist og ekstremt resultat- og løysingsorientert.

Ole var fagleg dyktig og han var eit teknisk talent. Initiativrik, entusiastisk, idérik, dyktig, klok, reflektert, jovial og respektert er alle omgrep ein trygt kan nytte om Ole.

Ole hadde ei viktig rolle i skjønnsmiddelsøknadene, politikarskulen og Vest-Telemarkkonferansen. Det er også takka vere Ole at det no er tilsett ein digitaliseringskoordinator i ei treårig prosjektstilling i Vest-Telemark. Det er rett å seie at digitalisering, digital kommunikasjon og velferdsteknologi var nokre av hjartebarna hans.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ufatteleg vondt og trist at Ole som var så full av liv, energi og pågangsmot no er borte. Vi har mista ein fantastisk kollega og medmenneske. Det er eit stort tomrom etter Ole som gjekk bort så alt for tidleg. Han vil bli djupt sakna. Vi klarer ikkje å fylle skoa etter han – vi må heller lære oss å gå litt annleis.

Vi sender varme tankar til familien.

Vi lyser fred over Ole Dalens minne.

Vest-Telemarkrådet; ordførarar, rådmenn og regionrådsleiar