VTB 24. juli 2018.
VTB 24. juli 2018.

Eit svar på dei rasistiske flygeblada

Eg vil fyrst og fremst takke dei innbyggjarane i Vinje kommune som har bidrege til å gje meg ein trygg og givande barndom. Det er ein grunn til at eg alltid stolt seier at eg har vokse opp i ei lita bygd med så mykje forskjellige, men flotte og imøtekommande menneske. 

Det er derfor det også er så utruleg trist og skuffande å vakne tilsaka om hatbrev på åremålsdagen for tragedien 22. juli. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg vel å sjå det gode i menneske. Hudfarge og religion er irrelevant når det kjem til å vere tulling. Me har tullingar i alle folkeslag. Det er ikkje til å leggje skjul på at ein møter mange utfordringar som ung mann med minoritetsbakgrunn i dagens samfunn, men eg vel heller å sjå på det som ein styrke. Oppveksten min i Vinje har gjeve meg to språk og to kulturar. Det gjer at eg kan sjå to sider av same sak, og kanskje også byggje bru mellom oss. Den «oss og dei»-mentaliteten som har kome til syne den siste tida er skadeleg for vidare integrering – og utvikling av samfunnet vårt. 

Eg vel å halde fram med å ha tru på den draumen eg hadde då eg fekk lov til å halde tale på 17. mai i Åmot. Draumen er at mine barn kan gå med somalisk folkedrakt hand i hand med vener i bunad og saman syngjeJa vi elsker.

Ismail Ali Abdi (23) frå Åmot, student på UiA. 

VTB 24. juli 2018.
VTB 24. juli 2018.

Les også:Politiet ønskjer framleis tips