Ein invitasjon frå Miljøpartiet Dei Grøne i Vest-Telemark

Eg skulle ynskje at MDG kunne leggast ned. Eg skulle ynskje at eg med godt samvit kunne la vere å stille som kandidat til endå eit kommuneval, for eg har ikkje noko ynskje om å vere politikar. Eg skulle ynskje at eg kunne vere trygg på at kollegaane mine frå dei andre partia vil vise ansvar og gjere det som må gjerast, slik at eg kan sleppe. Slik tenkjer sikkert mange med meg.

  Det hadde òg vore fint om vi kunne gje oss sjølve fire nye år med vekst, vekst, vekst, slik alle dei store partia set som øvste prioritet. For vekst er fint: det tyder meir i løn, større skatteinntekter, meir forbruk, og meir fridom til å gjere nett som vi vil. Det hadde vore fint å vere liberalist: å tru at vi som frie, fornuftige enkeltmenneske vil gjere det som er best for oss alle. Berre gje oss fridom og moglegheiter, så kjem framsteg og vekst av seg sjølve. Eller: det hadde vore fint å vere sosialist, og late fellesskapet og det offentlege samle ressursane, og gje alle høve til å skape vekst og framgang.

Artikkelen held fram under annonsen.

  Dette kjenner vi att; vi har høyrd det ved kvart val i fleire generasjonar, og både høgresida og venstresida har gjort sitt til ein velstandsauke som historia aldri har sett maken til. Dette veit vi. Men vi veit òg noko anna: for kvar dag som går veit vi – med enkel, banal, sunn fornuft og med aukande visse – at dette ikkje kan halde fram. Vi veit t.d. at vi må gjere radikale og kostbare tiltak for å redde miljøet, og at det hastar. Og vi veit at det er veksten, som får velstandshjulet til heile tida å svive fortare, som smerteleg nok er sjølve navet i dette hjulet: veksten er ikkje løysinga, men problemet. Vi veit òg at vi må velje. Spørsmålet er altså ikkje om dette kan halde fram, men om vi maktar å ta denne erkjenninga innover oss, og gjere politiske og personlege val deretter, frå no av, utan endå ei utsetjing.

  Diverre er det berre eitt parti som vågar å peike på dei årsakene som vi faktisk er nøydde til å gjere noko med. Dei andre vil faktisk ikkje snakke om dei. Diverre er dette partiet så lite at det slit sjølv med å stille lister i mange kommunar, mellom anna i Vest-Telemark. I mange kommunar vil vekst- og fossilpartia fylle alle plassane i kommunestyra, med nøyaktig den same oppskrifta som før, den oppskrifta som til sjuande og sist er årsaka til den stoda vi er i.

I arbeidsprogrammet til MDG står det mellom anna: «Menneska har eit ansvar som strekker seg langt utover eigen person, nasjon og generasjon. […] Vårt grunnsyn er at menneska er djupt knytte til, og avhengige av, velfungerande økosystem. Å bry oss om desse, er å bry oss om oss sjølve. […] Difor set Dei Grøne naturen si tålegrense som ramme for all politikk.»

Dette er ein invitasjon og ei oppmoding til alle vest-telemarkingar som i hovudsak er samde i dei synspunkta som er nemnde ovanfor, og som ynskjer å gje eit bidrag, t.d. ved å stå på liste ved valet neste haust. Det er dei små avgjerdene som til slutt skaper dei store endringane. Difor er det ekstra viktig – og inspirerande – å engasjere seg lokalt, og vi treng alle som vil stille og alle som vil stemme. Ta kontakt med lokallaget i Vest-Telemark.

  Til slutt, eit framlegg til køyreregel for val av parti, ein regel som det er vanskeleg å tru at det kan vere stor usemje om, og som burde gjere valet lettare for alle som sit på gjerdet: «Stem, med handa på hjartet, slik du er mest overtydd om at dei som kjem etter deg ville stemme dersom det var dei og ikkje du som skulle velje.»

Peter Fjågesund,

kommunestyremedlem for MDG, Seljord