Vanskeleg: Mehari Nega fortel om særs utfordrande kår på reisa til Noreg – fleire i reisefylgjet mista livet då dei kryssa Sahara.

Mehari frykta for livet fleire gonger under den lange reisa: – Det var veldig varmt, me strevde. Nokon av dei som var med døydde.

Heldigvis overlevde han den strabasiøse turen, og har funne seg til rette i Vinje.

Sjå intervjuet med Mehari i videovindauget. Teksting er tilgjengeleg under CC-ikonet.

Etter endt skulegang i heimlandet Eritrea, hjelpte Mehari Nega til med gardsdrifta til familien, før han i 2015 bestemte seg for å leggje ut på den lange reisa til Europa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg reiste først til Etiopia. Der var eg ikkje så lenge, i cirka tre-fire månadar, eg minnest ikkje heilt, fortel han.

Frå Etiopia gjekk reisa fyrst til Sudan, så til Libya – same rute som Fanus Fiseha og Mhretab Tesfamarian også tok. Etappen frå Sudan til Libya var særleg strabasiøs.

– Eg reiste i lag med mange personar, gjennom den store ørkenen Sahara. Der var det berre sand, og mykje vind. Det var veldig varmt, og me strevde, fortel Mehari.

– Nokon av dei som var med døydde. Men eg var heldig, eg var i live, legg han til.

Trass i at han kom heilskinna fram til Libya, var ikkje faren over. Kryssinga over til Europa var også eit spørsmål om liv og død.

– Me var veldig mange menneske i båten over til Italia. Båten var liten og ganske gamal. Eg var veldig redd, for båten var så liten at den kunne søkkje og me kunne drukne. Men det gjekk bra, me kom til Italia, fortel han.

Vel framme i Italia blei han plassert i ein leir litt utanfor Roma. Der starta han prosessen med å søkje om opphald i Noreg.

– Eg kjente mange personar frå Eritrea som budde i Noreg. Fleire av dei hadde eg vekse opp i lag med, forklarar Mehari.

Artikkelen held fram under annonsen.

Representantar frå UDI reiste til Italia og intervjua han.

– Etter ti månadar kom brevet, eg fekk opphald og kunne koma til Noreg.

Ikkje meistra skia enno

Kontrastane var store, slik dei er for dei fleste som kjem til landet frå sørlegare strøk.

– I Vinje er det veldig fint, eg trives veldig godt. Det er store forskjellar mellom Vinje og Eritrea. Her er det veldig kaldt, medan Eritrea er veldig varmt. I Noreg kan det vera -20, -10, men i Eritrea er det aldri minus, fortel Mehari.

Planen klar: Både Mehari Nega og Fanus Fiseha (sjå portrettet hans via lenkje nedst i artikkelen) skal gå vidaregåande etter dei er ferdige på vaksenopplæringa i Åmot.

Han har prøvd nokre av aktivitetane kulda legg til rette for.

– Eg prøva å gå på ski i fjor, men eg klarte det ikkje, eg ramla mange gonger, ler han.

– Men eg vil prøve igjen, legg han til.

30-åringen har planen klar for kva han skal gjera når han er ferdig på vaksenopplæringa i Åmot.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skal gå vidaregåande. Det er planen min.

Les også
25 personar sat i den vesle bilen gjennom Sahara – på andre sida venta endå vanskelegare kår: – Dei går etter familien din om du ikkje betalar.
Les også
Silva måtte bli att i Uganda då familien fekk beskjeden om at dei kunne koma til Noreg: – Eg var eit barn. Det var vanskeleg for meg.
Les også
Frå krig i Syria til salong i Seljord – dette er Samuels historie