Mariusz og Grzegorz frå Polen skal sykle frå Bergen til Stockholm på under to veker: – Det er fantastisk

Dei to syklistane langs vegen i Øyfjell hadde kome langvegs frå.

To polske syklistar på tur frå Bergen til Stockholm la ruta innom Vest-Telemark. Grzegorz Bednarczyk og Mariusz Niedek forklarar at turen var «ein galen idé dei kom på for nokre månadar sidan».

– Det er heilt nydeleg, fantastisk natur, seier Mariusz.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to let seg ikkje affisere av at det framleis er ganske kaldt og snøtungt, sjølv om me har kome til mai månad.

– I Polen forsvinn snøen fort... eller, det kjem nesten ikkje snø. Dette er fantastisk, seier Mariusz.

Så langt på turen har dei to polakkane overnatta ved Trolltunga, i Odda og på Edland, og er no på veg til Sauland.

Dette er andre gong dei er på tur i Noreg saman, fyrste gong var i Stavanger-området i lag med dotter av Mariusz. Då, som no, søv dei i telt og har alt med seg på syklane.

– Her har me alt me treng, seier Grzegorz.

– Soverom, bad, alt saman, skyt Mariusz inn.

Dei er fulle av lovord om mottakinga dei har fått her i landet.

– Me synest det er fantastisk korleis de snakkar til oss, korleis de hjelper oss når me treng det. Det er veldig fint, konkluderer Grzegorz.