Frisør: Samuel Adam har fått ein stor kundebase etter han opna salongen i Seljord. – Det har vore fantastisk, seier han.

Frå krig i Syria til salong i Seljord – dette er Samuels historie

Etter at han vende seg til kuldegradene og fekk selskap av familien, har Samuel Adam funne seg godt til rette i Vest-Telemark.

Sjå heile intervjuet med Samuel i videovindauget over. Teksting er tilgjengeleg under CC-ikonet.

Etter han var ferdig på universitetet i hovudstaden Damaskus – fyrst som student, så som undervisar, fekk Samuel Adam arbeid hjå den statlege TV-kanalen Syria TV i 2005, der han hadde regien på nyheitssendingar. Etter at krigen braut ut, og arbeidsplassen ein del av president Bashar al-Assad sitt propagandaapparat, skjønte han at han ikkje kunne bli verande i jobben.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg måtte lyge for å verne om meg sjølv og familien min. Me rapporterte ikkje sanninga om presidenten og militæret sine meiningsmotstandarar, det var mykje falske nyhende, fortel Samuel.

Han bestemte seg for å forlate landet, og etter eit ublidt møte med Hizbollah i Libanon gjekk turen vidare til Tyrkia, der kona og sønene heldt seg.

– Men etter kvart skjønte eg at det ikkje var rett å vera i eit land med grense til Syria, seier Samuel, og viser til problem i grenseområdet i 2014.

– Eg bestemte meg for å reise til Europa, eg ville til Noreg, held han fram.

Tøff start

Frå Tyrkia kom han med på eit tankskip som skulle til Italia. Deretter gjekk turen i tog og bil, til Tyskland, Danmark og Sverige, før han kom til Noreg, der han fyrst hamna på Haslemoen asylmottak.

– Det var kaldt – 15 minus. Eg var ikkje så vand med minusgrader som eg er no, ler han.

Etter 15 dagar på Haslemoen var han i Risør i om lag eitt år, før han fekk tilbod frå IMDi om å flytte til Kviteseid. Samuel såg med ein gong dei store kontrastane mellom den nye og gamle heimstaden.

– I Damaskus bur det 4 millionar, medan det i Kviteseid er mellom 2 000 og 2 500 personar. I starten, då eg var aleine, var det veldig vanskeleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då familien hans også kom til Kviteseid gjekk det betre, og Samuel byrja etter kvart å lære seg språket.

– Me hadde tre dagar undervisning og to dagar språkpraksis i veka. Det var eit veldig fint system, for ein lærte også om reglane for arbeid og ein kom i kontakt med nordmenn, seier han.

Realiserte draumen

Etter to år med introduksjonsprogram sto han framfor eit vegval; jobb eller studiar. Fyrstnemnde vart hovudprioritet.

– Eg måtte ha jobb for å støtte familien min, for å kunne betale for hus og for å kunne leve i Noreg. Eg ynskte å finne noko eg hadde erfaring eller utdanning for, fortel han.

Valet fell etter kvart på frisør, noko Samuel hadde hatt lyst til å drive med sidan han var 15.

– Eg hadde god erfaring med å jobbe med hendene, og eg kom i kontakt med nokon som dreiv salong i Skien. Eg fekk praksisplass der i eitt år, fortel han.

– Etter praksisen var ferdig tenkte eg at eg måtte opne eigen salong og få eiga bedrift. Men dette var vanskeleg for meg, då eg ikkje visste korleis ein startar ei bedrift.

Det visste dei heldigvis i næringshagen i Kviteseid, og i lag med nokre andre flyktningar som også ynskte å starte for seg sjølv fekk Samuel tilbod om kurs – to dagar i veka i seks månadar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om ein ynskjer å starte bedrift i Syria er det einaste ein treng å leige lokale, så kan ein starte. Her må ein kunne alt av reglar, seier han.

Etter kurset var han klar for å opne salong og søkte både Kviteseid og Seljord. Valet fall til slutt på Seljord, ettersom kundegrunnlaget her var hakket større.

– Det er fleire folk her, og mange frå Kviteseid reiser til Seljord for å handle. Eg var stressa for at salongen ikkje skulle gå bra og at eg måtte stenge etter eit år, fortel han.

Det skjedde heldigvis ikkje, snarare tvert i mot.

– Det har vore fantastisk. Her i Noreg er det mange som ynskjer å støtte nye bedrifter og hjelpe dei som startar. Eg har kundar frå mange forskjellige stader – Vrådal, Dalen, Vinje, Kviteseid, Høydalsmo, Hjartdal og Bø, smiler han.

Suksessformelen er like enkel som den er effektiv.

– Dersom ein er snill i møte med folk og flink til det ein driv med går det bra, konstaterer han.

– Norsk er også veldig viktig. Ein tidlegare sjef sa ein gong til meg at «du må lære norsk. Norsk er nøkkelen til landet». Det er heilt rett. Dersom eg ikkje hadde lært norsk kunne eg aldri ha opna salong.