VTB-TV: Dei tilsette lyfter opp til tre tonn til dagen, men no får dei avlasting av ein ny robot

VTB-TV fekk bli med inn i produksjonen på Tine-meieriet i Haukeli.

Haukeli Ysteri er i fylgje Tine sjølv den einaste staden nord for Paris med kjennskap til korleis ein produserer geitosten Chevre. I tillegg til den franskinspirerte geitosten, som er å finne i daglegvarehyller over heile landet, eksporterer meieriet også Frozen Goat Curd, (fryst geitostemasse) til USA.

– Me tek i mot mellom tre og ein halv og fire millionar liter geitemjølk i året, fortel meierisjef Hans Nesheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ysteriet får geitemjølk frå bønder over heile Sør-Noreg, frå Hallingdal og Valdres, frå Voss og Aurland og frå Jæren, i tillegg til Vest-Telemark.

– Det er mange mil per liter konstaterer Nesheim.

Etter at mjølka kjem inn i tankbilhallen, går det eit snautt døgn før den har blitt gjort om til ost eller ostemasse. Kva som skjer i dei timane, kan du sjå i videovindauget, VTB-TV fekk nemleg vera med inn å fylgje produksjonen.