Meisterkokk: Bodil Nordjore deler sine beste grilltips direkte på VTB-TV torsdag klokka 16.30.

Bodils beste grilltips direkte på VTB-TV

Neste direktesending på VTB-TV blir sendt frå tunet til meisterkokk Bodil Nordjore.

Les også
Her får du Bodil Nordjores beste grilltips

Torsdag denne veka (25. juni) er det duka for den andre direktesendinga på VTB-TV. Då skal me besøke Bodil Nordjore for å få dei beste tipsa ho har for grillsesongen, sjølvsagt med lokale råvarer frå øvste hylle.

Sendinga startar klokka 16.30.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som VTB har omtalt tidlegare, har avisa, i lag med Dølen og Firdaposten, fått stønad frå Medietilsynet til å sende levande bilde i sommar og utover hausten.

Om ein ikkje har høve til å få med seg sendinga direkte, kan den også sjåast i opptak på VTB sine heimesider.

Sjå opptak av fyrste sending, frå då M/S Victoria kom til Kviteseid, her.