Bli med på ein digital tur til Geitekyrkja i Bjørgefjell

Hans Inge Hagen i Seljord har vore på tur att. Om det ikkje freistar å gå i fotspora hans i regnvêret i helga, kan du bli med på ein digital tur.

Geitekyrkja (829 meter over havet) var full av krystallar i gamle dagar. Nå er alt hogd ut, men høla er stor og morosam å utforske.

For å kome hit må ein gå opp frå Reinstaulparkeringa i Grunningsdalvegen. Ein gjeng opp Borkebudalen til Rognestaul. Derfrå rett opp lia mot toppen på venstre side. Gå opp mot toppen og mot høgre ned steinuri der.

Du vil finne høla i eit grisgrendt område. Framom er det hyller eller sletter, som gjer det trygt å ferdast der. Men, ver forsiktig for det er stupbratt om ein kjem for langt frampå. Høla er på 2–4 kvm og har eit eige vindauge å sjå ut igjennom. Turlaget har også lagt ut ny turbok inne i høla, heiter det i appen Fintur som Hans Inge Hagen i Seljord står bak.