Tre trailerar har køyrt i kvarandre

– Svært glatt på staden, melder politiet.

Politiet melder 18.53 at tre trailerar har køyrt i kvarandre på E134 mellom Åmot og Høydalsmo. Naudetatane er på veg til staden.

– Ingen personskade. Vegen er stengt i båe retningar. Det skal vera svært glatt på staden, melder politiet klokka 19.22.

19.52: Vegen er no open i båe retningar. Trafikken går sakte på grunn av vanskelege køyreforhold.

Klokka 19.45 melde politiet om ny utforkøyring i nærleiken av Åmot. Ein politipatrulje kom over ein minibuss med hengar som hadde køyrd ut på det glatte føret.

– Ingen personskade. Bilberging er rekvirert. Trafikken står i begge retningar, melder politiet.

I Åmot blei det meldt om kaos tidlegare i ettermiddag.

Fleire trailerar har fått trøbbel ved Åmot på E134 i dag. Politiet melde klokka 17.51 at dei hadde opna austgåande felt og dirigerte trafikken.

Vegvesenet melde i ettermiddag at dei hadde førebyggande kontrollar på vinterutrustning på fleire strekningar.

– Køyr forsiktig og sørg for å vera skodd etter forholda! skriv Vegvesenet på Twitter.