Vegen blir opna i eitt felt onsdag – usikkert kva som skjer med skuleskyssen

Eidsborgvegen blir delvis opna onsdag ettermiddag.

Vegen vil berre vera open i eitt felt, som vil vera lysregulert. Det vil berre vera mogleg å passere for lette køyretøy, melder fylkeskommunen i ei pressemelding tysdag kveld.

– Me har brukt måndag og tysdag på å pigge vekk fjell, og har nå fått vekk så mykje at det er mogleg å etablere eit nytt køyrefelt på innsida av den eksisterande vegen, seier Ståle Singstad, leiar av Team bruvedlikehald.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han understrekar at Ravnejuvsvingen med dette blir krapp, og at det er behov for at bilistar køyrer svært forsiktig forbi staden.

– Dersom det kjem ein ny runde med store setningar er det fare for at me må stenge att, seier Singstad.

Vegen blei stengt for to veker sidan, etter at det blei oppdaga at ein støttemur står i fare for å rase ut. Boreprøver viser at det er svært dårlege masser under berelaget i vegkroppen. Korleis muren og setningsskadane på vegen skal bli utbetra er foreløpig ikkje avklart.

Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen melder på Facebook at det framleis er uvisst kva som skjer med skuleskyssen, men at dei håpar å vete meir i morgon.