Meteorologen åtvarar sjåførar som skal over fjellet denne helga mot snø. Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB / NPK

Varslar om glatt føre og snø på fjellet i helga

Temperaturane fell, og fleire stader i landet blir det lågare snøgrense. Sjåførar som skal over fjellet, må førebu seg godt og bruke riktige dekk.

Det blir varsla om glatte veg og lågare snøgrense i fjella i Sør-Noreg med gul åtvaring. Nedbør kan falle som snø over omkring 800 -1000 meter.

– Viss det er nokon som skal på hytta i helga, eller skal køyre over fjellet, er det viktig å vere obs. Særleg sidan vinterdekksesongen ikkje har byrja. Folk må køyre etter forholda og bruke riktige dekk når dei køyrer over fjellovergangane, åtvarar statsmeteorolog Rannveig Eikill i Meteorologisk institutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vêret i Sør-Noreg elles blir prega av regn og skyer, særleg første del av fredagen.

– Når det blir klarare ut på laurdagen, og klarvêr fleire stader mot søndag, kan det òg bli kaldt og kanskje nattefrost enkelte stader i indre strøk, seier ho.

Godvêret over i nord

Det gode haustvêret i Nord-Noreg, med mange fine dagar med sol, er over.

– Laurdag blir det pålandsvind. Det blir ikkje mykje vind, men det kjem til å trekkje inn meir skyer og litt meir regn både laurdag og søndag, seier Eikill.

Det har vore ganske varmt for oktober i heile landet. Temperaturane vil gradvis gå ned gjennom helga og inn mot starten av neste veke.

– Det blir meir av det ein kan kalle normale temperaturar. Det har vore godt over ti grader fleire stader, men no legg temperaturane seg på under ti grader gjennom helga, seier ho.

Ikkje hauststorm

Trøndelag får òg skydekke og regnbyer laurdag, men glimt av sol søndag og i starten på neste veke.

– Det er ikkje nokon kraftige lågtrykk i vente, men små lågtrykk som gir varierande vêr, ser det ut som, seier meteorologen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Landet har hatt ein delt vêrtype. I nord har det vore ein fin start på oktober, medan ein lengre sør har hatt ein våt og grå start.

– No går vi inn i ei tid med meir vanleg haustvêr, men førebels er det ikkje nokon store hauststormar i sikte, seier Eikill.

(©NPK)