Uvêret kan føre til fleire stengte vegar
Måndag føremiddag blei E134 over Haukelifjell stengt. Slik kan det også bli på andre vegar i vestfylket.
– No er det skikkeleg uvêr her. Det er austavêr og yr.no melder om fare for 36 skundmeter i kasta. Det ser ut som det kan bli stengt til ut på morgonkvisten tysdag, seier Mari Ringhus Tjønnhaug på Haukelisæter brøytestasjon.
Ho er på vakt ved stasjonen og har oversyn over tilhøva i fjellet. Tjønnhaug fortel at heile strekninga frå kolonneoppstillingsplassen ved Tyrveli til Liamyrane i Røldal er stengt måndag ettermiddag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mykje snø og liten til stiv kuling frå aust. Slik lyder vêrvarselet frå yr.no for Haukelifjell for i dag og i morgon. Stort betre er det heller ikkje for Bykleheii. Båe stadar er det fare for at vegen kan bli stengt. Men også på andre vegar kan nedbøren og snøføyka skapa vanskar.
Mest sannsynleg blir Varlandsvegen, fylkesveg 3416, halden open i dag måndag, noko som også gjeld for heile veka. Det melder Statens vegvesen på nettsidene sine. Slik er det ikkje på fylkesveg 37 mellom Rauland og Rjukan. Der melder yr.no om kraftig snøfokk, og at vinden i morgon vil koma opp i liten kuling. Ifylgje vegmeldingssentralen hjå Statens vegvesen er det ein viss fare for at det kan blir innført kolonnekøyring i kveld, og frå midnatt og framover morgondagen er det svært sannsynleg (90 prosent) at det blir kolonnekøyring.
Uvêret gjer seg gjeldande for fullt på Skafsåheii i kveld. Fylkesveg 450 mellom Skafså og Rotemo kan bli stengt i natt og i morgon, faktisk er faren for stenging heile 85 prosent, melder vegvesenet. Onsdag skal vêret betre seg att, og frå då ser det ut til å bli fri ferdsle mellom Tokke og Setesdalen. Dei som tenkjer seg til eller frå Setesdalen via Haukeli og Hovden, altså riksveg 9, må også vera budd på å køyre i kolonne om dei ikkje kjem seg av garde før i kveldinga. Det neste døgnet er det nesten heilt sikkert (96–98 prosent) at brøytemannskapet må leie køyretøya gjennom snøkavet – nedbør og stiv til sterk kuling. Onsdag skal uvêret vera over.
Måndag føremiddag er det kolonnekøyring på E134 over Haukelifjell mellom Haukelitunellen og Liamyrane i Røldal. Vegmeldingssentralen melder også om at vegen kan bli stengt på stutt varsel. Til natta er det 70 prosent sannsynleg at vegen må stengast då det ifylgje yr.no er venta snø og stiv kuling frå aust.
Å køyre i kolonne
• Bruk naudblink.
• Har du tåkeljos, bruk dei.
• Pass på at du alltid kan sjå bilen framfor deg.
• Hold jamnast mogleg fart og følg kolonnen.
• Ikkje køyr ut av kolonnen eller prøv å snu.
(Kjelde: vegvesen.no)