E134 over Haukelifjell er no open for trafikk

Vegtrafikksentralen melder at E134 over Haukelifjell no er open for trafikk.

18.30: Vêr og føreforhold: Bart, fare for glatte parti og somme stader redusert sikt. Klokka 18.30 var det -6 grader, stiv kuling og delvis skya.

17.44: Open for trafikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

13.53: Kolonnekøyring.

8.32: Vegen er stengt.

01.00: Kolonnekøyring.

4. april:

21.30: Vegen er stengt.

15.25: Kolonnekøyring.

------------

Vegtrafikksentralen sør melder at det er kolonnekøyring på E134 Haukelifjell på grunn av uvêr. Det blir køyrd kolonne på strekninga Haukelitunnelen–Vågslidtunnelen, melder Vegvesenet klokka 14.21.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg ville ikkje tilrådd folk å dra heim i dag. Vêret vil ikkje betre seg utover dagen, så det er nok betre å vente til i morgon, seier statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe til NTB sundag ettermiddag.

Spesielt dårleg er vêret på Rv7 Hardangervidda. Vegen blei stengt sundag ettermiddag.

Dersom ein må heim i dag, så bør ein ha med seg nok mat, varmt tøy, nok drivstoff og straum fordi ein kan bli ståande lenge i kø, er meldinga frå Vegtrafikksentralen.