Blir ny: Sør Entreprenør tek til på arbeidet i Ravnejuvsvingen tysdag etter påske. Planen er at arbeidet skal vere ferdig i november.

Tysdag etter påske stenger vegen heilt

Arbeidet for å utbetre Ravnejuvsvingen i Eidsborgberget på fylkesveg 450 mellom Dalen og Høydalsmo tek til tysdag etter påske. Då blir vegen heilt stengt, og vil vere stengt i tre veker framover.

– Dei fyrste tre vekene etter påske vil vegen vere heilt stengt, deretter er planen at entreprenøren kan sleppe gjennom trafikk ein time morgon og kveld i så stor utstrekning som mogleg, seier byggjeleiar Morten Øverbø i Vestfold og Telemark fylkeskommune, i eit presseskriv.

Ifølge fylkeskommunen vil opningstidene bli varsla på informasjonstavler som blir sett opp både i botnen av Eidsborgberget på Dalen og ved krysset med E134 på Høydalsmo. Planen er å prøve å halde open mellom 07:00 til 08:00 morgonen og 15:00 til 16:00 på ettermiddagen, etter dei første tre vekene med full stenging. Enkelte veker kan det likevel bli nødvendig å halde heilt stengt på grunn forholda på staden, og opningane gjeld berre køyretøy opp til 3,5 tonn totalvekt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var i september det vart oppdaga setningsskadar i svingen, og vegen vart då heilt stengt. Etter nokre veker vart den open i eitt felt gjennom svingen. Det er den lokale entreprenøren Sør Entreprenør AS som har fått arbeidet med å utbetre svingen. Tilbodet deira var på knappe tolv millionar kroner.

Sommaropen

Eidsborgberget er veldig bratt der vegen er laga til, det gjer arbeidet ekstra utfordrande. Løysinga som er vald blir å sprengje seg inn i fjellet både før og etter dagens sving slik at det blir ein heilt ny sving lenger inn i fjellet. Til erstatning for den gamle muren vil det no bli støypt ein knapt fem meter høg mur i betong. Muren vil bli plassert på ei vassrett betongplate som blir festa med kraftige boltar til fjellet.

Det er tryggleiken både til dei som skal jobbe med vegen og til dei vegfarande som gjer det nødvendig å stengje. Vegen vil derfor også vere stengd for så vel syklistar som gåande i tillegg til annan trafikk.

– I sommar skal vegen vere open i heile juli før me gyv laus igjen i august. Entreprenøren skal vere ferdig med heile arbeidet i november, seier Øverbø.