Tala viser at 1 av 4 alltid bruker refleks, mens like mange aldri tar i bruk refleks når dei er ute i mørket. Foto: Fredrik Varfjell / NTB / NPK

Trygg Trafikk: – For låg refleksbruk blant nordmenn

Berre 1 av 4 bruker alltid refleks, sjølv om 8 av 10 meiner det burde vore eit reflekspåbod. Oslo-folk er dårlegast i klassen, viser nye tal.

Ifølgje ei fersk landsomfattande undersøking, er norske fotgjengarar for dårlege til å bruke refleks. Trygg Trafikk er bekymra for utviklinga.

– Det er berre 1 av 4–23 prosent–av oss som alltid bruker refleks. I tillegg seier 46 prosent at dei bruker refleks ganske ofte, men ganske ofte er ikkje godt nok, seier kommunikasjonsrådgivar i Trygg Trafikk, Ann-Helen Hansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tala viser at det er like mange–1 av 4–som seier dei sjeldan eller aldri bruker refleks. Det norske folket har framleis mykje å gå på når det gjeld refleksbruk, ifølgje Trygg Trafikk.

– Vi droppar gjerne refleksen på korte turar eller når vi går i opplyste gater, men det er like viktig å bruke refleks då som elles i mørket, seier Hansen.

Ifølgje Trygg Trafikk meiner 79 prosent av dei spurde i undersøkinga at det burde vere påbod for bruk av refleks i mørket.

Ei fersk undersøking frå Frende Forsikring viser at folk i Oslo slurvar mest med refleksbruken. Her bruker nesten 20 prosent sjeldan eller aldri refleks. Best i klassen er Nord-Noreg, der 35 prosent seier dei alltid bruker refleks.

(©NPK)