Ulykke på E134 nedanfor Åsgrendkrysset: Lastebil fekk sleng. Personbil i grøfta. Ingen skadd.

– Ingen personar skal vera skadde, melder politiet.

Ulykka skjedde på E134 ved kommunegrensa mellom Seljord og Kviteseid. Ein lastebil har fått sleng og treft ein bil som kom i motgåande køyrefelt. Ingen personar skal vera skadde, melder politiet klokka 17.45. Bilen ligg i grøfta med store skader.

E134 var stengt i nesten ein time etter trafikkulykka. Det var lange køar i båe retningar Tre personar var involvert.

Vegen er nå open.