Stenger vegen til Modalen ei veke i august
Tokke kommune varslar at vegen til Modalen blir stengt mellom Øvre Underdal og Kleppholt.
Årsaka til stenginga er utskifting av masse på vegen. Dette vil føregå i perioden 5. -9. august. Vegen vil berre vere stengt i vekedagane, frå måndag klokka sju til fredag ettermiddag. Det melder Tokke kommune på si heimeside.