Sørlandsbanen tilbake til normal drift frå måndag

Frå måndag 3. august vil trafikken på Sørlandsbanen vere tilbake som normalt. Det blir fleire avgangar og nattoget startar opp igjen, opplyser Go-Ahead

Go-Ahead har operert på Sørlandsbanen, Jærbanen og Arendalsbanen sidan 15. desember 2019.

– Når tilbodet aukar, håpar vi òg at fleire vil ta toget, seier sals- og marknadsansvarleg i Go-Ahead, Dag Brekkan til Fædrelandsvennen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I koronapandemien har talet på togavgangar vorte redusert med over 50 prosent. Normalt har Sørtoget hatt åtte avgangar kvar veg mellom Stavanger og Oslo. Dette har vorte kraftig redusert det siste halve året. Det har ført til mange utselde avgangar og dyrare billettar.

– I lang tid har vi berre kunna fylle toga til 50 prosent setekapasitet, fortel Brekkan.

Han fortel at avgangen frå Stavanger til Kristiansand er spesielt populær, følgd av turen frå Oslo til Kristiansand.

(©NPK)