Meteorologane ventar det første snøfallet i Sør-Norge måndag kveld og natt til tysdag. Vegtrafikksentralen ber bilistar bruke dekk som passar til forholda.Arkivfoto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Snøvarsel i Sør-Noreg – Vegtrafikksentralen ber bilistar vere riktig skodd

Meteorologane varslar at det første snøfallet kan komme i Sør-Noreg måndag og tysdag. Vegtrafikksentralen ber bilistar passe på at dei har riktige dekk.

Frå måndag ettermiddag blir det venta snø over 300 meter i Agder, Ryfylke, Dalane og Hardanger, medan det måndag kveld og natt til tysdag blir venta sludd og snø i Vestfold og Telemark, Oslo, Viken og Innlandet.

Frå 5–15 centimeter snø blir venta i sistnemnde tre fylke i område der alt kjem som snø, og Meteorologisk institutt har utskrive gult farevarsel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter kvart går snøen over til regn.

Vegtrafikksentralen sør ber bilistar vere merksame på vêrforholda, og at ein sørgjer for at bilen er skodd for snøvêr.

Dei minner om at piggdekk kan brukast frå 1. november, men at bilistar kan leggje om tidlegare dersom føret krev det.

(©NPK)