Treng forsterking: I år har turen kome til Villasvingen. Arbeidet med å forsterke svingen tek til i mai.

Slik blir opningstidene på vegen i Eidsborgberget

I mai startar arbeidet med forsterking av Villasvingen og rassikring i Eidsborgberget. Nå har fylkeskommunen bestemt korleis opningstidene under arbeidet blir.

For nokre veker sidan var prosjektleiar i Telemark fylkeskommune, John Kleiv, på besøk i Tokke formannskap og gav ei orientering om arbeidet.

– Dette er eit ras- og sikringsprosjekt, fortalde han då.

Artikkelen held fram under annonsen.

I eit presseskriv opplyser fylkeskommunen at arbeidet blir på forskjellige stadar langs vegen, med både rassikring og rehabilitering av murar. Storleiken på murane varierer og planen er å bruke stag, sprøytebetong og armeringsnett for sikring. Fjellskjeringar vil bli reinska for lausmassar og sikra med boltar og ulike type nett.

Vegen blir i periodar stengt, og regulert ved lys eller dirigering.

Fylkeskommunen opplyser vidare at dette blir opningstidene:

  • I helgene vil vegen vere open frå fredag klokka 20.00 til måndag klokka 08.30.
  • Vanleg opningstid i vekedagane er frå klokka 20.00 til klokka 08.30 på morgonen. I tillegg blir vegen open frå klokka 14.30 til klokka 16.00 på ettermiddagen.
  • Køyretøy med lengde over 13,5 meter kan ikkje passere når det er arbeid langs vegen.
  • Vegen blir open for vanleg ferdsel i vekene 28, 29, 30 og 31, altså frå fredag 5. juli klokka 14.30 til måndag 5. august klokka 08.30.
  • Vegen blir også open 17. mai og i pinsa frå torsdag 16. mai klokka 14.30 til tysdag 21. mai klokka 08.30.
  • Vegen blir også open fredag under Dalsmarken og Dyrskufredagen.

Planen er at arbeidet tek til i byrjinga av mai, og skal vere ferdig 1. november. Fristen for å legge inn tilbod på arbeidet var 15. mars. Tildelinga er førebels ikkje klar, opplyser Kleiv til VTB.