Sigrid Dahl, lensmann i Midt- og Vest-Telemark ynskjer eit kontinuerleg haldningsskapande arbeid på tvers av kommunegrenser. Til høgre: Trond Neri Flothyl, seksjonsleiar i politiet. (Bildet er tatt i ein annan samanheng)

Politiet: – Folk tør ikkje seie frå om uvettug køyring i frykt for represaliar og utfrysing

Dei som gjerne ville gått inn og stoppa fyllekøyring, sagt ifrå, tatt nøklar, ringt politiet, tør ikkje i frykt av sosial avstraffing.

Det seier Sigrid Dahl, lensmann i Midt- og Vest-Telemark. I dag har ho skrive debattinnlegget «Vi har virkelig ingen flere å miste!». Bakgrunnen er den tragiske ulykka natt til laurdag der ein 21-åring frå Åmdals Verk mista livet i ei trafikkulykke på Bandakslivegen. To kameratar som var med i bilen er sikta for aktlaust drap. Dahl seier alt tyder på at det var køyring i ruspåverka tilstand.

Lensmannen seier det er ein for høg aksept for risikoåtferd og at dei som vil seie frå ikkje tør det i frykt for represaliar og utfrysing. Ho vil ha dei mørke kreftene ut i ljoset og verne dei modige som tør å yte motstand mot ukulturen.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Hvorfor oppleves det å «sladre» på naboen så ille at man lar være å hindre dødsulykker? Vil vi ha det sånn?,» skriv lensmannen.

– Dei fremste til å setje standarden er nærmiljøet; foreldre, vaksne og andre ungdomar. Det er ingen som er i tvil om at det er farleg, men dei er likevel viljuge til å ta denne risikoen, seier Dahl til VTB.

Jungeltelegraf når politiet kjem

Ho seier politiet vil vera med, men at dei ikkje kan gjera jobben åleine. Det må haldningsendringar til. Og dei må jobbast med heile tida.

– Det held ikkje at politiet har foredrag på skular, seier ho.

I lesarinnlegget skriv ho at politiet opplever stilltiande aksept for risikofylt åtferd som køyring i påverka tilstand og om jungeltelegrafen som går når politiet er i nærleiken.

«På sosiale medier spres det informasjon om politiets aktivitet som fint hindrer vår mulighet til å stoppe promillekjøring i trafikken, for ikke å snakke om på scooter på vidda.» ... «Det etterspørres mer politi. Og ja, vi skulle gjerne hatt flere politifolk i Midt- og Vest-Telemark. Det er mye vi skulle gjort enda bedre. Men når blir det nok? Og vil dere egentlig at vi skal være der?».

Lensmannen seier haldningane også er til stades blant vaksne «som ærlig talt burde vite bedre».

Samarbeid på tvers av kommunegrenser

Vel to år har gått sidan Knut Aslakson Momrak mista livet i ei ulykke på Fyresvatn. I etterkant av ulykka tok Knuts mor, Hilde Martini Momrak, eit oppgjer med haldningar, ukultur og manglande politi. Lensmann Dahl rosar det haldningsskapande arbeidet som blei gjort i Fyresdal etter ulykka, men konstaterer at ein framleis har ein lang veg å gå i til dømes Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Så lenge me held fram å miste unge, har me ikkje kome langt nok, seier ho til VTB.

– Me kan ikkje berre mobilisere kvar gong det skjer noko. Det har effekt ein periode, men det må ei generell haldningsendring til, held ho fram, og legg til at det har vore fleire døme på stygge ulykker og nestenulykker som fylgje av køyring i ruspåverka tilstand.

Lensmannen trur på eit samarbeid på tvers av kommunegrensene og har invitert seg til neste møte i Vest-Telemarkrådet for å ta opp temaet.

Her finn du ein del av sakene VTB har skrive i artikkelserien «Me har ingen å miste». Alle sakene er opne.