Motorsykkel har køyrd av vegen – ein person skadd

Ein motorsyklist har køyrd av vegen i Høydalsmo.

Politiet melde om ulykka klokka 14.50 tysdag. Motorsyklisten skal ha køyrd av Lårdalsvegen og ligg i grøfta.

– Ein person skadd. Naudetatane rykker ut, melder politiet.

15.15: Partruljen er på staden. Ein dansk MC-førar sit i vegkanten. Han har smerter i skuldra. Motorsykkelen har køyrd ut på høgre side, i ein venstrekurve, melder politiet.