Marthe Nilsen og Lars Versland frå Kvinesdal er blant dei som jobbar med førebygging og haldningar i heimbygda og andre stader.

Marthe fekk blåveis då ho tok bilnykkelen

Men dagen etter på fekk ho ein takk for å ha redda livet hans.

På det opne folkemøtet i Fyresdal 2. november var Marthe Nilsen éin av fire personar frå Kvinesdal som fortalde om ulike episodar, førebygging og haldningsarbeid i Sørlands-kommunen.

I ein pause fortel Marthe til VTB kva ho opplevde for ei tid tilbake. På ein privatfest i Kvinesdal tok ho bilnykkelen frå ein full mann som ville køyre ein tur. Mannen svara med å plante albogen i eine auget hennar. Ho sprang heim i full fart med nykkelen. Neste dag kom sjåføren for å hente den, og bad om unnskyldning for at han hadde skada henne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du redda livet mitt, sa han til Marthe.

Tre dødsfall

Nilsen mista to kompisar på kort tid i ulykker, og har opplevd at ei besteveninne mista eit syskenbarn i ei tragisk ulykke. Då bestemte ho seg for å hjelpe med førebygging og haldningar, og ho er rundt på ungdomsskulane i Agder for å snakke om dette.

På folkemøtet i Fyresdal oppmoda Nilsen foreldre og andre vaksne til å vere gode rollemodellar, og å stille opp og vise at dei bryr seg.

– Ikkje slå nevane av nokon om dei gjer ei dum tabbe. Alle kan gjere feil, ingen er perfekte. Ver ikkje alltid den strenge, men vis retningsliner på ein fantastisk grei måte så ein lærer å forstå, sa Nilsen.

Ho er med i organisasjonen «Kjør me ved» og «Ta vare på livet». Der deltek også Daniel Risøen, og båe har vore med og laga ein film for å hindre at det skjer ulykker. Til nå har 200 000 sett filmen.

Gjeng med idiotar

– Eg har tatt nokre gale val opp gjennom livet, og tregar på det i dag. Eg fattar ikkje at eg overlevde verken mopedtida eller med ein gong eg fekk lappen på bil. Me var ein gjeng med idiotar, låg i 200 kilometer i timen og køyrde som rasshol, sa Risøen på møtet i Fyresdal.

Klokka fem ein morgon kom han køyrande der det hadde vore ei ulykke i heimeområdet. Han kjende att bilen som nå var vrak, og såg at den eine av dei to på bakken var kompisen hans.

– Eg ynskjer ikkje at nokon skal oppleve det eg gjorde – stod og såg på ein død venn i vegkanten. Eg tenkte at eg skal ikkje vere den neste. Då det blei starta eit haldningsskapande arbeid i Kvinesdal, tenkte eg; jøss, dette vil eg vere med på, sa Risøen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kan du forandre deg sjølv kan det vere nok til at andre også tenker litt lenger. Det var seks dødsfallulykker i Kvinesdal på fem år. Me kan ikkje miste fleire der eller andre plassar, fortsette han.

Vil skape ein trygg generasjon

Jan Egil Omdal i Kvinesdal mista dottera Jannicke på 15 år våren 1999. Også to gutar omkom, etter å ha kollidert i 160 kilometer i timen. Sjåføren sat død med mobilen i handa ...

– Sidan den ulykkesdagen og fram til nå har 4093 personar i Noreg mista livet i trafikken, og over 7000 er kvesta for livet. Årsakene til ulykkene er stor fart, rus, manglande bilbelte eller at sjåføren ikkje er merksam, sa Omdal.

Då han mista dottera bestemte han seg fort at han skulle gjere det han kunne for å hindre at andre mammaer og pappaer skulle oppleve det same.

– Haldningsskapande arbeid er noko som verkar. Haldningar og vanar er påverka og skapt av verdiar. Livet er fantastisk, det er så gøy å leve. Likevel kan livet bli og vere ei stor utfordring. Ver med og skap ein ny trygg trafikkgenerasjon, oppmoda Omdal.