Køyrde av vegen på E134 i Seljord

To personar sat i bilen som trefte autovernet og sklei av vegen på E134 i Seljord torsdag.

– Ingen av dei to skal vera skadd, melder politiet.

Utforkøyringa skjedde på E134 på høgde med Dyrskuplassen. Det var ikkje andre køyretøy involvert.

Vegtrafikksentralen og bilberging er varsla.

– Det er svært glatt på staden, melder politiet.