Køyrde av vegen – mogleg årsak er at sjåføren blei blenda av sola

Ein bilist har køyrd av vegen i Brunkebergvegen måndag.

Det melder politiet klokka 19.23.

Det var ikkje andre bilar involvert i uhellet. Innringaren til politiet snakkar nå med bilførar, melder politiet. Naudetatane rykker ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

19.47: Trafikken går normalt. Bilbergar er rekvirert. Små materielle skader. Patruljen er snart på staden.

20.17: Førar er ei lokal kvinne i slutten av 60-åra, køyrd til legevakt for sjekk. Hadde køyrd ut av vegbanen og treft eit skilt – mogleg årsak var solblending.