Kviteseidkleivane: Det har vore lite aktivitet her dei siste vekene.

Har ikkje økonomi til å gjera arbeidet ferdig i år

Arbeidet med å utbetre Kviteseidkleivane har stoppa opp.

– Me har ikkje økonomi til å ferdigstille heile prosjektet i år.

Det seier Dag Rune Kvålen i Statens vegvesen. Arbeidet med å utbetre Kviteseidkleivane har derfor stoppa opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil prøve å få gjort noko meir arbeid nå i haust, men resten av utbetringa må vente til 2023, informerer byggjeleiaren i Statens vegvesen.

Han reknar med at arbeidet er i gang igjen innan kort tid.

Utvidar vegen: Statens vegvesen håpar på å få gjort ferdig utvidinga av ein sving i haust.