Har alt lagt om til piggdekk på bussane
– Tryggleiken er det viktigaste, opplyser Vy.
VTB har fått spørsmål frå lesarar som har registrert at fleire av dei gule bussane køyrer rundt med piggdekk – sjølv om regelen er at piggdekk kan bli bruka frå november.
Me har spurd Vy om kvifor dei la om alt i midten av september. Pressevakt Kaja Rynning Moen svarar at dette handlar om tryggleik. Det er lagt om til piggdekk på rutene i Vinje og i Treungen, opplyser Moen. Alle bussane skal ha lagt om til piggdekk innan haustferien, opplyser ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sjølv om regelen er at ein i Sør-Noreg ikkje kan bruke piggdekk frå og med første måndag etter 2. påskedag og til og med 31. oktober, skriv Statens vegvesen at dersom føret krev det, er det tillatt å bruke piggdekk og kjetting utanom desse datoane.
Piggfrie vinterdekk kan ein bruke heile året.
Yr melder om minusgrader fleire stader i Vest-Telemark til helga.