Spasertur på Tveitsund bru: Ordførar Ian Parry-Jones (Sp) (t.v.) og lokalpolitikar Kristin Parkinson Vågen (Ap) tok med leiar for transport- og kommunikasjonskomiteen Sigbjørn Gjelsvik (Sp) på ein spasertur over Tveitsundbrua.

Gjelsvik på Tveitsundbrua. – At dette både er skuleveg og riksvegbru ...

Sigbjørn Gjelsvik er leiar av transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Førre veke fekk han prøve seg som mjuk trafikant på Tveitsundbrua i Treungen.

Fyrst kjem det nokre bilar, så kjem det ein gut frå femte klasse gåande. Han møter ein lastebil. Så kjem det ein mann på sparkesykkel og deretter to vogntog.

– At dette både er skuleveg og riksvegbru, seier Gjelsvik og ristar på hovudet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste fredag blir ny NTP, nasjonal transportplan, lagt fram. Der er Rv 41 nemnt som ein av strekningane som skal bli prioritert dei neste åra.

Skuleveg

Gjelsvik studerer den gamle steinkvelvbrua frå 1918, og synest den er fin.

– Dette kunne vore ei veldig fin gangbru, seier han.

Men som riksvegbru meiner han at den må at utspelt si rolle.

– Og det for lenge sidan, legg han til.

106 år: Den gamle steinkvelvbrua i Treungen vart bygd i 1918. Gjelsvik meiner brua kunne vore fin som gangbru.

Gjelsvik får sjølv oppleve korleis det er å vere gåande og møte tunge køyretøy på den smale brua. Og han får høyre om ungane som bur på sørsida og må over Tveitsundbrua når dei skal til og frå skulen. Og dei som bur på nordsida som må over brua når dei skal til og frå idrettsaktivitet på kveldstid.

– Eg veit om mange gangbruer som er breiare enn denne, seier han etter av vogntog nummer to har passert.

Tunge køyretøy: Leiaren av transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget fekk filma korleis det er å møte eit vogntog på Tveitsundbrua.

Blir ny bru

Ordførar Ian Parry-Jones (Sp) fortel at det er sett av pengar til ny bru, og at det er utarbeida tre forslag til plassering.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er alternativet som går over Øyna som peiker seg ut som det mest aktuelle, meiner han, og peiker bort på området der planen er å byggje.

Planlegg ny bru: Ordførar Ian Parry-Jones viser kor den nye brua er planlagd.

Ordføraren fortel at kommunen skal lage ein reguleringsplan for Treungen sør. Den meiner han må bli ferdig i løpet av året. Etter det håpar han at arbeidet med ny bru kjem i gang.

Gjelsvik meiner det er viktig at ein nå, som ein har fokus på strekninga, sørgjer for politiske avklaringar som vil bidra til framdrift i prosjektet.

– Det er viktig å kjenne si besøkelsestid, seier han.

– Det skal ikkje stå på lokalpolitikarane i Nissedal, lovar ordførar Parry-Jones.

På rekke og rad: Ein må stå klistra inntil rekkverket når ein møter store køyretøy på brua. Om ein har med seg barnevogn, brukar rullator eller rullestol er det ekstra utfordrande.
Trongt: Om vinteren når det legg seg snø inntil rekkverket blir det enda mindre plass for dei mjuke trafikantane i møte med store køyretøy.