Riksveg 7 over Hardangervidda, her ved Dyranut, er framleis stengd. Dette biletet er frå 5. april. Arkivfoto: Statens vegvesen / NTB / NPK

Framleis trøbbel for trafikken – men E134 er open

Det er framleis ein del stengde fjellovergangar i Sør-Noreg tysdag morgon. Nokre strekningar har opna for kolonnekøyring.

Folk vart oppmoda av Vegtrafikksentralen om å utsetje heimreisa frå påskeferien til tysdag på grunn av uvêr. Men Vegtrafikksentralen melder på Twitter tysdag morgon at ein del fjellovergangar i Sør-Noreg framleis er stengde.

– Det er framleis mykje vind, og fjellovergangar kan bli stengde, eller det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel, seier avdelingsdirektør Nils Audun Karbø i Statens vegvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

E16 Filefjellet og E134 Haukeli er opne. Det kjem ei ny vurdering klokka 10 på Vikafjellet (riksveg 13), men den er førebels stengd. Det er kolonnekøyring på fylkesveg 50 Aurland-Hol frå klokka 8 og kolonnekøyring på riksveg 52 Hemsedal. Måndag kveld vart det meldt om to timars ventetid for å bli med i kolonnen.

Dei andre fjellovergangane i sør som framleis er stengde, er riksveg 7 Hardangervidda, fylkesveg 53 Tyin-Årdal og riksveg 15 Strynefjellet.

For trafikken som skal køyre over Haukelifjellet, melder Vegtrafikksentralen om at det stort sett er bart på vegane, men også fare for glatte parti og redusert sikt enkelte stader.

I Innlandet er fylkesveg 27 Venabygdsfjellet stengt, og det same er fylkesveg 51 Valdresflya.

I nord er det kolonnekøyring på fylkesveg 98 Ifjordfjellet på grunn av uvêr.

– Bilistane bør ikkje leggje ut på tur utan vinterdekk, og dei må vere førebudde på at det kan bli ventetid ved fjellovergangane. Ha full tank på bilen og varme klede tilgjengeleg. Vêr tolmodig og køyr fint heim frå påskeferie, seier Karbø.

(©NPK)