Omkøyring: Den gamle vegen over Dyrskar blir omkøyringsveg medan Haukelitunnelen er stengt.

Frå måndag blir det omkøyring på den gamle Haukelivegen over Dyrskar

Frå 15. juni blir det nattestengt, kolonnekøyring og omkøyring forbi tunnelane på E134 på Haukelifjell.

Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

Arbeida skal gå føre seg frå og med 15. juni til og med 15. oktober, og det skal bli arbeidd over tre sommarsesongar. Prosjektet skal vera ferdig i løpet av september 2022. Tunnelane som skal bli utbetra er Vågslidtunnelen og Haukelitunnelen, i tillegg til rasoverbygg på Svandalsflonatunnelen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vågslidtunnelen

Her blir tunnelen stengt for all trafikk mellom kl. 23.00 og kl. 10.00 frå 15. juni. Lette køyretøy kan køyre omkøyring over tunnelen. For køyretøy over 3,5 tonn er det kolonnekøyring mellom 10 og 23.

Det blir sleppt gjennom ein kolonne kvar veg om lag kl. 01.30 om nettene til måndag–laurdag. Ingen kolonne natt til sundag og måndag, melder Vegvesenet.

Arbeida i Vågslitunnelen skal etter planen gå føre seg i 2020 og 2021. Vågslidtunnelen er 1,6 km lang.

Kolonne: Det blir kolonnekjøring på dagtid for tunge bilar over 3,5 tonn gjennom Vågslidtunnelen.

Haukelitunnelen

Denne tunnelen blir stengt heile døgnet. Det er omkøyring på den gamle Haukelivegen over Dyrskar. Arbeida i Haukelitunnelen skal etter planen gå føre seg alle tre somrane frå 2020 til og med 2022. Haukelitunnelen er 5,7 km lang.

Les også
Mælefjelltunnelen blir den sjuande lengste i landet
Tunnelar: Haukelitunnelen.
Dette skal gjerast i tunnelane

– Bygge nye tekniske bygg

– Bygge ny reinseløysing for vaskevatn

– Oppgradere eksisterande rømmingsvegar og venterom

– Forbetre brannsikringa

– Reparere skada betong

– Skifte ut heile det elektriske anlegget

I Svandalsflonatunnelen skal det byggast eit 500 meter langt rasoverbygg. Arbeidet er hovudsakleg i 2021.