Blir ny: Arbeidet i Ravnejuvsvingen har gått etter planen, og kring 22 millionar er brukt for å lage ny og sikker sving.

Lokalt firma gjer jobben. – Når ein er heimekjær er det perfekt, og me gjer litt ekstra for at det skal bli bra

8000 kubikk med fjell er fjerna og vegen lagt lenger inn. I slutten av oktober skal Ravnejuvsvingen i Eidsborgberget vere open for fri ferdsel.

– Me er sikre på at dette blir ei permanent løysing. Det er viktig at me gjer det skikkeleg når me fyrst gjer det, seier byggeleiar frå Vestfold og Telemark fylkeskommune, Morten Øverbø.

I september i fjor vart det oppdaga setningsskadar i vegen i Ravnejuvsvingen i Eidsborgberget, og vegen vart stengt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var ein litt vanskeleg prosess å kome i gang her. Sør Entreprenør har gjort ein fantastisk jobb, og dei har klart å køyre inn litt tid, seier Øverbø.

Prosjektet har ein prislapp på om lag 22 millionar, og i veke 43, siste veka i oktober, skal vegen vere open.

Lokal entreprenør

Det er det lokale firmaet Sør Entreprenør AS som gjer jobben i Ravnejuvsvingen.

Lokal: Ingar Sandok Ringhus er ein av dei som starta opp Sør Entreprenør i 2019. Han bur på Dalen og set pris på lokale oppdrag.

Selskapet har 22 tilsette, og jobbar med infrastruktur, vegvedlikehald, landskapsutforming og som anleggsgartnar. Mellom anna. Dei har oppdrag rundt i Sør-Noreg, fleire i Grenlandsområdet, men også i øvre delar av fylket som infrastruktur til hyttefelt i Vrådal. Selskapet skal også ha vintervedlikehaldet i Høydalsmo, Lårdal, Støylsdalen, Skafså, Åmdals Verk og Dalen i vinter.

– Denne jobben er ganske stor for oss – ein av dei tre største. Me er veldig glad for å få lokale jobbar. Når ein er heimekjær er det perfekt, og me gjer litt ekstra for at det skal bli bra, seier Sandok Ringhus.

John Kleiv og Morten Øverbø frå fylkeskommunen fullroser entreprenøren.

– Me har jobba hardt for at vegen skal vere open så mykje som mogleg, slik at det skal gå minst mogleg utover lokalbefolkning og næringsliv, seier Sandok Ringhus.

Nå er vegen lysregulert i periodar på morgonen, ettermiddag og kveld. Den blir også lysregulert på Dyrskufredagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Villasvingen nestemann i køen

Ravnejuvsvingen er ikkje den einaste svingen i Eidsborgberget.

– Villasvingen er den mest prekære. Me måler på den, og det har ikkje vore bevegelse der i sommar, men det var truleg det i vinter, fortel prosjektleiar i Vestfold og Telemark fylkeskommune, John Kleiv.

Fleire svingar ventar: John Kleiv (t.v.) og Morten Øverbø frå Vestfold og Telemark fylkeskommune håpar dei får sikra den gamle muren i Villasvingen neste år.

Han fortel at det i forprosjektet til fylkeskommunen er lagt opp til investeringar på vegen fordelt over tre år. Dette har til saman ein prislapp på 40-45 millionar. Øvst på lista er Villasvingen, eit prosjekt til kring fem millionar. Den gamle muren må sikrast.

Det er førebels ikkje løyvd pengar til prosjektet.

– Men me prosjekterer som om me har midlar. Eg håpar verkeleg dei tek det på alvor, seier Kleiv.

Han trur ein også då må rekne med at vegen blir stengt i periodar, men at det truleg blir kortare periodar enn ved arbeidet på Ravnejuvsvingen.

Nestemann: Fylkeskommunen meiner neste prosjekt i Eidsborgberget bør vere Villasvingen, og dei følger med på om den bevegar seg.