Eit val. Fatale konsekvensar.

Notis, Vest-Telemark blad, 26. april 2005: «Ein 21-åring frå Vinje kommune døydde på Ullevål universitetssykehus sundag, etter å ha vore innblanda i ei bilulykke i Edland laurdag kveld. Guten var passasjer i bilen som hamna på taket ved Velemoen camping. Både føraren og den omkomne passasjeren blei slengt ut av bilen. Det kom raskt til folk som utførte fyrstehjelp, før luftambulanse kom til staden».

Notisar som dette ser me stadig i avisene. Me les. Og me blar forbi. Det gjorde eg og – heilt til 21-åringen som omkom var min yngste bror.

Eg les ikkje lenger slike notisar. Eg kjenner dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opplevinga bak notisen

Det er seint laurdag kveld. Mor, far, ein bror og ei syster på veg til Ullevål Universitetssykehus. Det nærmar seg to timar sidan me fekk telefonen. Tusen tankar prøvar å finne ein plass i hovudet. Tusen spørsmål leitar etter svar. Sjokket er i ferd med å ta over kroppen. Hjernen prøvar febrilsk å forstå, men kjenslene strittar imot.

Det kan ikkje vera sant.

Oslo Universitetsykehus. Det er natt. Sjukepleiarar. Legar. Uhaldbar venting. Gnagande uro. Familie kjem til. Trøystande klemmar. Hender som held. Meir venting. Mageknip.

Så. Synet av vår Jostein. I respirator. Med bandasjar, blåmerke og skrubbsår.

Det er sant.

Fortviling. Den aldri før opplevde overveldande redselen for det utenkelege. Tankar går på repeat. Orda «livstrugande skadd» er surrealistiske når det gjeld eit menneske du kjenner så godt. Din eigen son. Min eigen bror.

Me prøvar å fatte.

Kroppen i full beredskap. Det pip i øyro. Hjartet slår så hardt, så høgt og så fort at det er umogleg å sitte i ro. Den mentale smerta er så stor at det kjennes som den pressar seg ut av huden. Kvalme. Mageknip. Tårer. Hulk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sundag kveld stoppa tida. Me miste Jostein.

Då livet blei på ekte

Bror min sette seg i den bilen med promille i blodet. Eit fatalt val med enorme konsekvensar for han og for oss. Der og då var det umogleg å forstå omfanget av konsekvensane. Heldigvis. Livet tek omsyn slik. Konsekvensane openberrar seg litt og litt, over tid.

Det er ein hard jobb å handtere eiga sorg, men det er også beintøft å stå nær andre si sorg. Eg ynskjer så inderleg at ingen andre skal måtte oppleve det sama som oss.

Tør å bry deg

Det er godt å høyre unge vesttele-stemmer som høgt og tydeleg tek standpunkt mot fyllekøyring. Ungdomar som set i gang tiltak og formidlar trygge haldningar.

Dette må me alle heie på, gjera synlege og lyfte fram. Haldninga mot å køyre i ruspåverka tilstand må implementerast hjå folk i alle aldrar.

Me kan alle ta feil val, men desse kan bli færre om me tør å hjelpe kvarandre og tør å bry oss. Det kan kanskje opplevast vanskeleg å stoppe nokon som er i ferd med å køyre i rus, men tru meg, alternativet kan vera så uendeleg mykje verre.

Så. Du har alltid eit val. Bry deg om andre. Ikkje køyr i fylla og gjer ein innsats for at andre heller ikkje gjer det. Me er alle heilt uerstattelege.

Denne kommentaren stod på trykk i VTBs temaavis 22. november 2018.

Artikkelen held fram under annonsen.

Du finn andre artiklar frå serien «Me har ingen å miste her». Sakene er opne for alle.