E134 er no open att

Vegen over Haukelifjell blei opna att torsdag føremiddag.

Eit jordras like vest for Austmannalitunnelen i Røldal gjorde at E134 blei stengt onsdag kveld. Klokka 10.30 torsdag melde Vegtrafikksentralen at vegen igjen var open.

E134 Haukelifjell blei stengt onsdag kveld ved Tyrveli og Liamyrane bom på grunn av ras.

– E134 over Haukelifjell er stengt pga ras ved Austmannalitunnelen aust for Røldal. Mannskap fra Mesta er på staden, melde Vegtrafikksentralen rundt klokka 22 onsdag.

Også ved Grunge bru har det gått eit jordras. Vegen er stengt.

Raset må bli vurdert i dagslys, melder politiet.