Stor trafikk: – Ny helg, og kanskje nye køar, melder Statens vegvesen om E134 over Haukelifjell.

Dette er Vegvesenets råd til dei som skal over Haukelifjell i helga

– Ny helg, og kanskje nye køar, melder Statens vegvesen om E134 over Haukelifjell.

Sist helg var det, trass i varsla tunnelarbeid, tidvis mykje trafikk over fjellet. Ventetida var nokon gonger opp mot tre timar, og trafikantane blei utolmodige. Vegvesenet bad folk planlegge betre, og også vurdere alternativ rute over fjellet.

– Den same oppmodinga kjem nå. Det er ikkje mogleg å seie korleis trafikken blir, men me tar høgde for at det kan bli like mykje trafikk og lange ventetider denne helga som sist helg, melder Kommunikasjonsansvarleg Lars Helge Rasch i Statens vegvesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er Vegvesenet sine råd

– Planlegg turen. Reis tidlegare på dagen. Trafikken hopar seg erfaringsmessig opp frå 12-tida og ut over dagen.

– Ver tolmodig, ta deg god tid.

– Ta med ekstra drikke og niste.

– Følg tilvisinga frå trafikkdirigentane

– Køyr forsiktig og hald avstand.

Ventetida framom kolonnane heng saman med at det i sommar er auka ferietrafikk, spesielt på grunn av oppmodinga om å ta ferie i Noreg på grunn av koronapandemien.

– Hugs at med køyretøy under fire tonn kjem du over fjellet heile døgnet med kolonnekøyring. Vegen er stengt mellom kl. 23.00 og kl. 10.00 for køyretøy over fire tonn. Dei har oppstillingsplassar på kvar side av arbeidsområdet, informerer Rasch.

Tunnelarbeida på Haukeli varer fram til 15. oktober 2020 og blir tatt opp igjen 15. juni 2021.

– Me må gjera det slik fordi det er umogleg å utføre dette arbeidet i 1000 meters høgde om vinteren. På den tida av året er det meir enn nok å gjera for å halde vegen open.

Les meir om oppgraderinga av tunnelane her.

Kolonne: Bilistane må køyre gamleveg i kolonne på Haukelifjell.
Les også
Faktaopplysninger om tilhøva på E134 på Haukelifjell
Les også
Svar til Ragnvald Christenson

Les også:

Mellom 60 og 80 arbeidarar som jobbar med opprusting av Vågslid- og Haukelitunnelen vil vere til stades på Haukelifjell mellom juni og oktober i tre år. Jacob Semons håpar dei vil gjera puben til ein fast møteplass.

Artikkelen held fram under annonsen.