Mista lappen etter utforkøyring

Ein mann i slutten av tenåra fekk førarkortet beslaglagt etter ei utforkøyring på Høydalsmovegen.

Føraren vil bli meld for uaktsam køyring. Det er ikkje mistanke om ruspåverking, opplyser politiet på X.

Utforkøyringa skjedde på Høydalsmovegen, ved Kvånsli. Det var éin bil involvert i ulukka. Politiet meldte om ulukka 23.07 fredag kveld, og snaue 15 minuttar seinare skreiv dei at naudetatane er på staden. Personane var ute av bilen då politiet kom til staden, og hadde ingen synlege skadar, men vart køyrd til sjukehuset i skien for sjekk.