Åmotsdalsvegen vil vera stengt til uti neste veke

Opprydding: Oppryddingsarbeidet er godt i gang på rasstaden langs Åmotsdalsvegen.

Etter synfaring er det bestemt at Åmotsdalsvegen vil vera stengt til uti neste veke.

Det melder Seljord kommune på heimesida si.

«Fylkesveg 3422 Åmotsdalsvegen er framleis stengt og vil vere stengt inntil vidare. Fylkeskommunen melder at vegstenginga kan vare til ut i neste veke ein gong, på grunn av skred ved Skogabakken, ca. 2,4 km frå Nutheimkrysset. Vegen må vere heilt stengt ved rasområdet til utbetringane er komne så langt at ein kan tillate gjennomkøyring», skriv kommunen og viser til Vegvesenet for oppdatert informasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidleg måndagsmorgonen gjekk det eit jordras. Måndag ettermiddag informerte kommunen at vegstenginga ville påverke dei som bur i området.

«Elevar som er forhindra frå å kome seg til skulen vil få nærmare beskjed frå skulen om korleis ein skal handtere situasjonen. Skulen vil leggje til rette for heimearbeid. Heimetenester blir levert med noko reduksjon, naudsynt bistand i heimen blir gjort ved omkøyring om Øyfjell. Det er personell på Steinmoen bu- og servicesenter som kan vere til hjelp ved behov», melde kommunen.

Telemarksavisa skriv at om lag 400 kubikk med masse har rast ut etter det veldige regnvêret sist helg.

Tysdag morgon hadde ryddemannskap fjerna stein og leire frå vegen, men området er framleis rekna som utrygt. Det har vore geolog på staden, men fylkesavisa melder at også ein geoteknikkar, ein ekspert på lausmassar, må undersøke rasområdet før det blir konkludert.

– Etter synfaring tysdag ettermiddag har me bestemt at fylkesvegen blir verande stengt inntil vidare. Dette fordi sjølve vegbanen er blitt svekka på grunn av raset. Me må utføre diverse forsterkningar på sjølve fylkesvegen, seier Odd Arne Arnes, byggeleiar og overingeniør i Statens vegvesen til TA.