Terje Nekstad.

«Vi har så mykje å takke deg for, Terje. Dine draumar og ditt brennande engasjement tente eld i dei rundt deg, og det førte mellom anna til fotballskule, ballbinge, klubbhus, familie-idrettsdagar og god økonomi.»

Det var med sjokk og vemod vi om kvelden den 25. februar mottok meldinga om at Terje Nekstad var gått bort. Det var så alt for tidleg. Den 6. mars var Vrådal kyrkje sprengfull av folk som ynskte å fylgje Terje til den siste kvilestaden. Du vil bli sårt sakna i lokalsamfunnet som du var så engasjert og glad i. Ikkje minst gjeld det oss i Vrådal IL. Vi har så mykje å takke deg for, Terje. Dine draumar og ditt brennande engasjement tente eld i dei rundt deg, og det førte mellom anna til fotballskule, ballbinge, klubbhus, familie-idrettsdagar og god økonomi. Ikkje noko av dette kom vi lettvint til. Men du og Bjørg gjekk fremst og gjorde dugnadar til ein fest. Latteren sat laust og de sørga for at alle tok godt for seg av lapskausgryta.

Eventyret starta i 1985. Du hadde eit hjarte som banka for fotball og born. Ved hjelp av gode støttespelarar, sponsorar og ikkje minst dyktige instruktørar blei fotballskulen ein suksess frå første spark på ballen. Den etablerte seg raskt som «den beste fotballskulen i Telemark». I 1988 sa tidlegare sjef for aldersbestemte landslag, Helge Søvdsnes,: «I utgangspunktet trodde jeg det var umulig å få til en så meningsfylt aktivitet med 84 unger på en såpass liten bane. Det må bero på en utrolig god organisering!» (Varden 1988).

Artikkelen held fram under annonsen.

Forbundsinstruktør i Telemark Fotballkrets, Morten Larsen, sa dette til avisa Varden i 1989: «Vrådal er kanskje en av landets fineste fotballskoler. Den borger for kvalitet, for der foregår det en fortløpende planlegging gjennom hele året. De har solide instruktørkrefter og faglig bra innhold!»

Slik er det framleis. Da ny fotballbane stod klar til bruk i 1992 kunne fotballskulen ta imot 200 ungar (1/3 jenter), og da fotballbingen blei opna i 2005, nådde deltakartalet 340. Framifrå instruktørar som kjem att år etter år, og ein solid lokal dugnadsgjeng gjer denne fotballskulen til noko heilt spesielt («Den eldste og beste! ifølge deg!)

Du sat som leiar i idrettslaget frå 2000–2012. Vi hadde kanskje ikkje dei mest strukturera møta, men det var mykje latter, engasjement og temperatur under ordskifta. Du hadde ting du brann for. Alt på det første styremøte etter du overtok leiarvervet, tok du til orde for at vi måtte ha eit klubbhus. Det er mange sider ved det å eige eit hus, men etter kvart fekk du overbevist alle i styret om at dette måtte vi satse på. Pengar blei sett til sides, ein komité oppnemnd, og då fotballskulen skulle sparkast i gang i 2007, stod det nye klubbhuset der klart til bruk. Det blei nedbetalt i løpet av fire år. Det var fantastisk for idrettslaget å kome inn i eige hus. Men du var klar på at dette huset skulle kome alle i Vrådal til gode. Lag og foreiningar skulle få låne huset gratis, og kven som helst kunne leige det for ein billig penge.

Familieidrettsdagen var og noko du brann for. Samle gamle og unge, små og store til leik og moro på fotballbanen. Konkurranseinstinktet ditt vakna fort til liv når du utfordra folk til å møte deg på 60 meter eller stille lengde! Stafettar, hinderløype og fotballkampar var andre ingrediensar. Men det største var kan hende når vi alle sat samla og kosa oss med lapskausen din!

At økonomien til idrettslaget er så god som han er, skuldast i stor grad fotballskulen, og den fantastiske innsatsen som blir gjort i form av dugnadar. Du var ikkje den som sparte deg. Du og Bjørg gjekk i fremste linje. De tok dei tyngste og lengste vaktene på Dyrsku’n, Du tok parkeringsvakter i påska borti skiheisen og var med på å samle inn tomgods for å nemne noko (ja, i 2011 ga flaskepanten idrettslaget ei inntekt på rundt 50 000 kroner). Du fulgte nøye med på kor mykje det blei tippa for. Tippa vrådølane for mindre enn kviteseidingane, fekk vi høyre det! (Du fulgte med på grasrotandelen!) Den gode økonominen gjorde at vi kunne gje mykje tilbake til medlemmene våre. Om det var å sponse opphaldet for deltakarane på Norway-cup, kjøpe inn spinningsyklar og utstyr til styrkerom, orienteringsutstyr til skulen eller støtte dataklubben i bygda med nokre kroner. Det einaste du var streng på, var at dei som mottok pengestøtte forplikta seg på å møte på dugnadar!

Vi kjem til å sakne deg, Terje, latteren din, kommentarane dine og ikkje minst engasjementet ditt. Det blir rart å starte opp fotballskulen uten deg, Men vi kjem til å gjere det, i takksemd for alt du har gjort for idrettslaget og bygda di.

Kvil i fred, Terje.

Jan Gunnar Breivik

Artikkelen held fram under annonsen.

Vrådal IL