SKAUT BRA: Vetle Loftsgarden skaut betre enn forventa og det som var målsetninga i Bodø. Den unge Rauland-rekrutten var derfor godt fornøgd.

Vetle (13) takla stresset og presset. Skaut seg til finaleplass

Vetle Loftsgarden frå Rauland takla stresset og presset på Landsskyttarstemnet (LS). 13-åringen skaut betre enn forventa og fekk finaleplass.

– Eg er veldig godt fornøgd med baneskytinga min her på LS. Målet då eg kom hit var å skyte 240 poeng. Eg fekk anvist 244 poeng og kunne fort hatt fleire. For det var ikkje alle skota som sat der eg skulle ønske. I finalen fekk eg 94 poeng og dermed enda eg opp med 338 poeng, sa Vetle då han for aller fyrste gong hadde skote ein banefinale i Landsskyttarstevne-samanheng.

Det blir nok ikkje siste gang at den unge tenåringen gjer det. For når du heiter Loftsgarden og kjem frå Rauland, så har du skyting i gena. Det er fleire i den slekta som er aktive skyttarar, og ikkje minst stø på avtrekkaren. Vetle er på langt nær den einaste som kan å handtere geværet. Både pappa Tor Olav, onkelen og bestefaren har skote seg til mange premiar i det store stemnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Debuten blei sett på vent

Vetle Loftsgarden har på mange måtar fått skyttarsporten med morsmjølka. Den unge rekrutten var ikkje gamle karen då han var med på sitt fyrste LS saman med familien. Vetle hadde vore tilskodar i mange år då han endeleg var gammal nok til å skyte sjølv i 2020. Men koronaen og avlysinga på Elverum, førte til at debuten måtte setjast på vent for den unge skyttaren.

Heller ikkje året etter var det mogleg for Vetle å ta turen til Elverum. Derfor var det ein ekstra spent unggut som tok den lange turen til Bodø i år. At det var nesten 4000 kilometers køyring tur-retur til Bodø skremte ikkje det siste og yngste «skotet» i skyttarfamilien. Den lokale fyrstegongsdeltakaren var fast bestemt på å bli med, og angrar ikkje på at han tok den lange turen.

Hadde eit flott opphald

– Det har vore eit flott opphald. Eg har vore saman med andre frå skyttarsamlaget og andre skyttarlag og fylke. Eg har opplevd mykje, sa Vetle som på fritida driv både med klatring og syklar ein del. Det ligg an til at det blir meir skyting framover. Vetle er klar på at han har lyst til å oppleve fleire landsskyttarstemne. Det ligg an til at han tar turen til Voss neste år.