Haukelirennet 2023: 613 deltakarar stilte til start i den tolvte utgåva av Haukelirennet laurdag.

Vêret amputerte rennet, men arrangøren er godt nøgd med gjennomføringa

Over 600 deltakarar stilte til start i Haukelirennet laurdag.

Fredag meldte rennleiinga at rennet ville bli korta ned, frå 32 til 18 kilometer, på grunn av skiftande vêr og dårleg sikt.

– Med ei 18 kilometer lang løype sikra løypemannskapet god kvalitet på løypetraseen heile vegen, og slik været blei er me nøgde med avgjerda, seier rennleiar Trond Neri Flothyl i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vann: Vebjørn Turvik spurta inn til siger i Haukelirennet 2023. Han var også raskast ned Haukelibakken.

– Det vart ei trygg og fin gjennomføring, og mange blide folk i løypene sjølv med litt snø i lufta, legg han til.

Til saman stilte 619 vaksne og unge deltakarar til start. I herreklassa trakk Vebjørn Turtveit frå Voss IL det lengste strået etter ein intens spurtduell med David Thorvik frå Kjelsås IL, som til slutt hamna to tidelar bak. Thomas Linnebo Mollestad frå Oddersjaa SSK gjekk inn til ein tredjeplass.

«Klart best»: Karoline Simpson-Larsen vann ein overbevisande siger i kvinneklassa.

I dameklassa var Karoline Simpson-Larsen frå Vargar IL i fylgje arrangøren «klart best». Emma Kirkeberg Mørk (Drammens Ballklubb) og Hilde Fenne frå Voss blei høvesvis nummer to og tre.

Ned Haukelibakken var Turtveit raskast av herrane, og Fenne raskast av kvinnene.