Stort stemne: Det er igjen klart for todagarsrennet på Veum i Fyresdal. Meir enn 100 deltakarar er venta.

Todagarsrenn på Veum. Rekordmange deltakarar er venta

Meir enn 100 deltakarar er venta til skiskyttarrenna på Veum i Fyresdal i helga.

– Det blir deltakarrekord, stadfestar Kristin Vedum i Fyresdal skiskyttarlag.

Då fristen gjekk ut tysdag kveld var det påmeldt 101 deltakarar laurdag og 76 sundag. I tillegg kjem det alltid etterpåmeldte, veit Vedum av erfaring.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avlyst to gonger

Fyresdal skiskyttarlag er blant klubbane som har hatt nokon tunge sesongar med covid og uvisse rundt både trening, rekruttering og arrangement. I to år blei det tradisjonsrike todagarsrennet på Veum avlyst, men i fjor blei det arrangert med greitt oppmøte.

Vedum er strålande fornøgd med påmeldinga til årets to renn. Spesielt gler ho seg over at det er mange påmeldt i dei yngre klassene.

Laurdag er det sprint, sundag er det fellesstart, opplyser rennleiar Olav Veum. På sprinten skyt deltakarane to gonger. For kvar bom må deltakaren gå ein strafferunde på 150 meter. Også på fellesstarten er det to skytingar og strafferundar.

– Fellesstart brukar å vera ekstra stas for løparane. Då får ein verkeleg bryna seg mot konkurrentane både i løypa og på standplass, seier Veum.

12 aktive

Fyresdal skiskyttarlag har nå 12 aktive løparar som deltar på renn både regionalt og nasjonalt, seier Bjørn Bergheim som er leiar av klubben.

Han registrerer at interesse held seg godt, og meiner dette kjem av at både løparar og foreldre saman skaper eit godt klubbmiljø. Klubben har også mykje aktivitet både for aktive løparar og ikkje minst med tanke på rekruttering. Den årlege skiskyttarskulen er populær, det same er skøyteskulen.

– I år investerer vi også i nytt skileikeutstyr, mellom anna orgeltramp og hopp til 140 000 kroner, seier Bergheim.

Klubben har fått gåvemidlar frå Gjensidigestiftelsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ei ytterlegare oppgradering av stadion vår trur me vil styrke både rekruttering og generell interesse for bruk av anlegget vårt på Veum, seier Bergheim.

Siste helga i januar er det Kvalfossprinten i Holmenkollen. Her deltek ein liten delegasjon frå Fyresdal. Renna på Veum blir dermed ei god oppkøyring til Oslo-turen.

I sporet: Elias Aamlid.
Skiskyttar: Tuva Smalås Bergheim på veg mot mål i sesongopninga på Sandrip 18. desember.