Lovande: Emma Hagen imponerte i sesongavslutninga på Rjukan.

To gull og eitt sølv i sesongens siste stemne

Emma Hagen frå Seljord vann både 200 meter og lengde då friidrettsutøvarane avslutta sesongen på Rjukan i helga.

Seljord-jenta representerte også Telemark friidrettskrins, ein av sju krinsar (dei andre: Oslo, Akershus, Innlandet, Vestfold, Østfold og Buskerud) som deltok på stemnet.

På 200 meter laurdag sette ho ny personleg rekord med tida 26.98. Det er den fjerde beste tida i landet i 14-årsklassa i år. Same dagen vann ho lengde med tre hopp på meir enn 4.80. Det lengste blei målt til 4.83, som er 1 centimeter bak hennar personlege rekord.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg blei 14-åringen nummer to på 60 meter med tida 8.24 – tre hundredelar bak treningsvenninna Thea Steiro Belsvik.

– Betre avslutning på sesongen kan det ikkje bli – to nye rekordar, to gull og eitt sølv, melder friidrettsgruppa til Seljord på Facebook.