Imponerte: Vetle Smalås Bergheim frå Fyresdal skiskyttarlag.

Ti løparar frå Vest-Telemark stilte til start då skiskyttarane opna sesongen

Fem frå Fyresdal og fem frå Seljord var med i todagarsrennet på Geilo i helga.

Vesttelane viste seg godt fram og markerte seg høgt oppe på resultatlistene. Vetle Smalås Bergheim frå Fyresdal skiskyttarlag i G11 klinka til med 10 treff og siger i si klasse både laurdag og sundag (12 løparar i denne klassa). Maja Noraberg (Seljord IL) i J11 fekk fullt hus på sundag og blei nummer 3 i si klasse (13 løparar i klassa).

I J13 gjekk Tuva Smalås Bergheim (Fyresdal SSL) inn til ei flott 3. plass på sundag, medan Synne Tveiten Golid (Seljord IL) tok ein god 4. plass i same klasse på laurdag. Ei klasse med totalt 22 løparar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torjus Tveiten Golid (Seljord IL) gjekk eit godt renn og fekk ni treff på sundag. Dette resulterte i 2. plass i ein sterk 16-årsklasse med 22 løparar.

Heile gjengen frå Vest-Telemark gjennomførte ei strålande helg i fine forhold på Geilo. For Seljord gjekk, i tillegg til dei nemnde, Marius Ulvestad Andersen (M17) og Markus Noraberg (G16). For Fyresdal gjekk også Elias Bratsberg-Aamlid (G13), Anne Teksle (J16) og Noah Bratsberg-Aamlid (nybegynnarklassa). Alle med ein god og fin start på sesongen.

I sporet: Synne Tveiten Golid.
Opp bakken: Maja Noraberg.
Sesongopning: Tuva Smalås Bergheim.
Solid: Torjus Tveiten Golid blei nummer seks laurdag og to sundag.