Krinsmeistrar: Randi og Sigrid F. Aamand (i midten) vann jenter 13–16 år. Foto: Privat

Systrene Randi (12) og Sigrid (14) blei krinsmeistrar

IL Dyre Vaa blei sundag krinsmeistrar i sprintstafett i orientering i Holmestrand.

Randi og Sigrid F. Aamand frå Rauland vann jenter 13–16 år med tre og eit halvt minutts margin til Larvik orienteringsklubb på andreplass og Notodden o-lag på tredje.

Stafetten hadde fire etappar. Kvar løpar sprang to etappar kvar. IL Dyre Vaa vann stafetten også i fjor.

Dei jamaldrande gutane sprang den same løypa som jentene. Det var berre 1 av dei 8 gutelaga som orienterte raskare enn dei to raulandssystrene.