Medaljørar: Ingrid og Halvor Lid tok begge medalje i sine respektive sportar førre helg, Ingrid sprang inn til ein 2.-plass i Byløpet, medan Halvor vart krinsmeister i benkpress.

Syskena konkurrerte parallelt – tok medalje i kvar sin sport

Førre helg sprang Ingrid Lid inn til 2.-plass i Byløpet halvmaraton. Medan systera sprang, vart broren Halvor krinsmeister i vektløfting.

Ingrid sprang Byløpet som ei oppvarming til ultraløpet Jotunheimsvegen, som gjekk føre seg laurdag denne helga. I oppladinga sprang ho inn til ein 2.-plass, med tida 1.31.17. Plasseringsmessig gjekk det endå betre i Jotunheimvegen, der ho var raskaste kvinne i det 57-kilometer lange løpet.

– Det var kaldt, mykje vind og regn. Det vart ein forblåsen tur, men eg slapp heldigvis å vera ute så lenge denne gongen, fortel Lid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tida på 4 timar og 50 minutt var 3. best av alle, og haldt altså til 1.-plassen samanlagt.

Broren vart krinsmeister

Medan Lid sprang Byløpet førre helg, konkurrerte broren Halvor Lid i krinsmeisterskapet i vektlyfting. Kviteseidingen, som tevla i benkpress-øvinga, lyfta heile 185 kilo, og tok dermed gull i si klasse.