Yngst: Ingrid Lid var yngst av deltakarane i 24-timarsløpet i Hell.

Sprang 161 km på 17,5 timar

Ultraløparen Ingrid Lid (28) frå Kviteseid fullførte ikkje 24-timarsløpet i Hell i Trøndelag. Men ho kan likevel juble for at ho aldri har gjennomført 100 miles (161 kilometer) raskare.

For ultraløparane er 100 miles ein vanleg distanse, og så langt måtte ein springe for å få medalje i 24-timarsløpet som samla om lag 30 deltakarar. Lid var den yngste deltakaren i konkurransen. For 14 månader sidan blei ho alvorleg skadd. Sidan har ho bygd seg opp att.

Seks veker før løpet i Trøndelag fekk ho ein ny skade som gjorde at grunnlaget ikkje var det beste. Lid sleit også med smerter i foten før start. Fram til 80 kilometer følte ho seg fin. Det er det lengste ho har sprunge med titanskruane i beinet. Med mora som støtte kjempa ho seg vidare, sjølv om smertene blei større. I samråd med støtteapparatet valte ho å gje seg etter 161 kilometer, altså etter 100 miles. Ho kom i mål på 17 timar, 35 minuttar og 3 sekund. Det er ny personleg rekord, 13 minuttar betre enn på Thames Path i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var litt skuffa over å kaste inn handkledet før det hadde gått 24 timar, men samtidig visste eg ikkje heilt kor alvorleg eg skulle ta smertesignala, seier ho.

– Eg føler eg har kome ein lang veg etter skaden min, men eg er ikkje heilt der eg vil vera enno. Det er ti månader sidan eg byrja å springe att, og det er spennande å sjå kvar eg er om ti nye månader. Eg er uansett ung i dette selskapet. Dei fleste eg møter på desse løpa er 10–15 år eldre enn meg. I ultra er dei beste utøvarane mellom 35 og 45 år, så eg har forhåpentlegvis mykje gøy i vente, seier ho.