Aktivitetsleiarane: Oda Kristine Strand Aarstad (bak f.v.), Lilly Solheim, Andrea Aase Vadder, Emma Sordal Heggard og Ingebjørg Felland. Abdul Karim Khalifa (framme f.v.), Per Espolin Grøstad Johnsson, Torstein Småbrekke og Augon Mostøyl. Emily Tomine Veen Hagen var også aktivitetsleiar, men var ikkje til stades då bilde vart tatt.

Sjuandeklassingane arrangerte fotballturnering for heile mellomtrinnet

I haust byrja tolv elevar frå 7. klasse på Tokke skule på kurset «Aktiv 365» for å bli aktivitetsleiarar. Sidan har dei hatt ansvar for gymtimar, arrangert aktivitetar i friminutta på skulen og torsdag før påske arrangerte dei fotballturnering for heile mellomtrinnet.

«Aktiv 365» er ein aktivitetsleiarutdanning for barne- og ungdomsskular i Vestfold og Telemark, der hovudmålet er å auke den fysiske aktiviteten blant barn og unge.

Emma Sordal Heggard og Andrea Aase Vadder går i 7. klasse på Tokke skule, og fortel at aktivitetsleiarkurset var populært i klassa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var veldig mange i klassa som ville, så læraren måtte trekke, fortel Andrea.

Tolv av dei fekk delta. Og i haust reiste dei på kurs i Skien, og deretter har dei fått oppfriskingskurs heime på Dalen.

– Det har vore gøy. Og me har sloppe ein god del kjedelege timar, smiler Emma.

Som aktivitetsleiarar har 7.-klassingane hatt aktivitetar for dei andre elevane frå 1.- 7. i friminutta. I starten hadde dei frå måndag til onsdag, men det er vanskelegare å finne på aktivitetar når det er så mykje snø som nå, så i vinter har det blitt berre på onsdagar. I tillegg har dei hatt ansvaret for gymtimane til andre klasser, idrettsgruppe for 1.- 4., og nå fotballturnering for heile mellomtrinnet.

– Det er me som har ansvaret, men me er ikkje så strenge da. Me kjeftar ikkje, seier Emma.

Stort sett har det gått greitt å vere leiar for dei yngre elevane.

– Det kjem litt an på aktiviteten. Om det er ein ny aktivitet brukar me litt tid på lære dei, fortel Andrea.

Moro: Emma Sordal Heggard (t.v.) og Andrea Aase Vadder synest det har vore moro å vere aktivitetsleiar for dei andre elevane.

Flinke elevar

Annveig Veum Aas er miljøterapeut på Tokke skule og har hatt ansvaret for «Aktiv 365». Ho er imponert over elevane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei er så himla flinke, seier ho.

Det nærmar seg avspark i Tokkehallen. Aktivitetsleiarane har ulike oppgåver – speaker, løpegut og mange av dei spelar sjølve. Klassene spelar ikkje mot kvarandre, i staden er elevane blanda og fordelt på dei ulike laga.

Både Emma og Andrea spelar fotball på fritida også, og er fornøgd med å få litt ekstra tid med fotball.

– Nå går me glipp av matte, norsk og naturfag, trur eg. Det er ikkje så ille å gå glipp av det og det er moro med fotball, smiler Emma.