Simulatorgolf starta opp i Kviteseid under pandemien, og har sidan det hatt rask vekst

22. oktober er det Trackman Indoor Golf day, og Simulatorgolf held lokala opne i Kviteseid, i tillegg til på Klosterskogen Travbane, i Bø, og Stavanger, for å ta imot alle som måtte vere nysgjerrige på å prøve innandørsgolf.

I Noreg er det totalt sju senter som er med på dette initiativet frå Trackman internasjonalt. Telemarksbedrifta Simulatorgolf har fire av disse sentra. Den 22. oktober kan alle som måtte ønske å prøve innandørsgolf stikke innom for å prøve, og det er også mogleg å delta i nærmast-pinnen-konkurranse der ein kan vinne gåvekort.

Både pandemi og Viktor Hovland har ført til et oppsving for golfsporten den siste tida. Simulatorgolf håper å kunne bidra til å auke interessa, og til å gi spelarar i alle aldrar moglegheita til å trene hele året. I både Kviteseid og Skien sponsar dei juniorspelarar med et gratis tilbod gjennom vintersesongen, ved at klubbens yngre spelarar får faste treningar. I Skien har dei et godt samarbeid med Grenland og Omegn Golfklubb og Svein Erik Hansen som gir god rettleiing til dei yngste, medan Tom Sedgewick frå Vrådal golfklubb stiller som trenar for dei yngste i Vest-Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

Simulatorgolf starta opp under pandemien, og har sidan det hatt rask vekst. Selskapet begynte med ein simulator i Kviteseid seint på hausten i 2020, og valde raskt å utvide med tre nye lokasjonar.

Bak selskapet Simulatorgolf AS står Limitless Holding AS (Eirik Håskoll Næss), Sandland AS (Håvard Sandland) og Versto rådgiving AS (Geir Versto). Selskapet hadde vel ein million i inntekter i 2021 og fekk eit årsresultat på 150 000 kroner.