Seljordingane tok med seg seks gull- og ein sølvmedalje

Friidrettsutøvarane frå Seljord held fram å imponere.

Det var stort sett utøvarar frå byar på Austlandet med i innandørsstemnet i friidrett i Drammenshallen i helga. Men også åtte utøvarar frå den stadig veksande friidrettsgruppa i Seljord. Seljordingane drog heime med seks gullmedaljar og ein sølvmedalje, informerer Hans Inge Hagen i friidrettsgruppa.

Herman Hogstad Sveinsson sette ny personleg rekord på 60 meter då han vann på tida 7,58. Han vann også 100 meter med tida 11,82.

Emma Hagen var best av alle på 60 meter (8,60) og blei nummer to på 100 meter med 13,68.

Saamund Bakkemoen vann 60 meter (8,60).

Julie Noraberg Nilsen var best i klassa si i kule med ein støyt på 11,75.

Kule: Julie Noraberg Nilsen. Foto: Privat

I det siste løpet for dagen sikra Kristian Eilefstjønn Berntzen nok eitt gull til Seljord då han sette ny personleg rekord på 600 meter med tida 1.45,23.

Best: Kristian Eilefstjønn Berntzen. Foto: Privat