Seks vesttelar heim med topplassering
Seks skiskyttarar frå Vest-Telemark gjekk til topps på Grønkjær i Heddal i helga.
Maja Noraberg frå Seljord IL vann J11-klassa under sprinten i Tinn Sparebank Cup sundag. Ho skaut fullt hus på båe skytingane. Blant dei jamaldrande gutane var det Vetle Smalås Bergheim frå Fyresdal SSL som var best. Han bomma ein gong på kvar av dei to skytingane.
Blant 13-åringane vann Tuva Smalås Bergheim (Fyresdal SSL) klassa trass i fire bom på den fyrste skytinga. Med fullt hus på den siste, var ho likevel suveren. Det blei jamn blant gutane, men Audun Lindskog frå Haukeli/IL Dyre Vaa vann med 12 sekund, trass i totalt sju bom.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ein annan frå Haukeli, Simen Vassbotten Apeland går også for IL Dyre Vaa. Han bomma to gonger på kvar skyting, men vann 14-årsklassa. Trippel Haukeli/IL Dyre Vaa sytte Petter Lindskog for når han vann 16-årsklassa.